Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Oslo lufthamn
BytFlyplass

Vel flyplass

Vel område

Anten du skal ut å reise, levere tenester på våre flyplassar eller lese meir om korleis vi jobbar med miljø, finn du alt på nettsida vår

Logg på for å enkelt bestille parkering og finne reiser raskere


Logg inn

Driftsutfordringar i bagasjeanlegget

Vi opplever for tida tekniske utfordringar med delar av bagasjeanlegget på Oslo lufthamn. Dette fører til at noko bagasje må leverast på alternative område og kan føre til lengre ventetid. Alle flyselskap held no til på område 1–3, med unntak av Turkish Airlines, Pegasus Airlines og Qatar Airways, som er på område 10. Passasjerar blir bedne om å følgje informasjonen dei får frå sitt flyselskap. Vi beklagar ulempene dette medfører.

G-Gater

Effektiv avvikling av sommartrafikken

Om sommeren vil fleire utanlandsreisande måtte ta shuttlebuss til gate, desse nye utgangane har fått tildelt bokstaven G. I terminalen vil du finne tydeleg skilting mot område G på den internasjonale delen av terminalen.

Åtte innlandsgater vil bli tekne i bruk for utanlandstrafikk (kun destinasjonar innanfor Schengen) i morgontimane med mest trafikk. Utgangane har fått tildelt bokstaven G (G1 til G8). Behovet er dei aller fleste dagar avgrensa til ein kort periode på eit par timar. Det vil òg vere eit utvida kiosktilbod i dette området, som til vanleg er B-gatene på pir sør.

Skyttelbuss

Tiltaket fører til at nokre av passasjerane vil bli køyrt med buss frå terminalbygget og over til vårt «nye» gateområde. Alle informasjonstavler i terminalen vil vise estimert tid ein som passasjer må rekne med frå terminalbygget og fram til utgangen, inkludert både busstransport og gangtid.

Skyttelbussen vil vere tilgjengeleg allereie to timar før fyrste oppsette fly frå gateområde G og vil gå kvart tredje minutt frå ein dedikert «haldeplass for skyttelbuss» i terminalen, merkt med G. Denne finn du på busslounge utland, ut i korridoren til høgre ved Fiskeriet. 

Har flyet ditt fått tildelt ein G-gate?

  • Ved hjelp av informasjonstavlene i terminalen vil du sjå kva utgang flyet ditt går frå. Der blir det angitt forventa tidsbruk frå der du er til du har kome til utgangen din. 
  • Følg skilting til G. 
  • Skilting vil ta deg til haldeplassen for skyttelbuss. Bussen vil gå kvart tredje minutt.
  • Buss fraktar deg til G-gatene. Følg skilting inn i bygget og finn din gate.