Hjelp til profilen min
Her finn du svar på dei mest stilte spørsmåla om min profil
Eg får melding om at telefonnummeret allereie er i bruk.
Det kan skuldast at du har logga deg inn med ditt mobilnummer tidlegare.
Slik gjer du:
- Logg deg inn med mobilnummeret ditt.
- Vel så "slett Min profil" nederst på profilsida.
- Då vil ikkje mobilnummeret lenger vere i bruk som ein annan separat konto.
- Logg deg så inn på nytt med di e-postadresse eller mobilnummer og passord.
- Vel "Min profil" og legg til e-post eller mobilnummer.
Systemet godtek ikkje passordet eg legg inn.
Passord må vere minst 7 teikn, innehalde ein stor bokstav, ein liten bokstav og minst eitt tal eller spesialteikn.
Eg mottar ikkje ordrebekreftelse eller anna e-post frå dykk.
Kontroller gjerne følgjande:
- Kontroller om e-posten har hamna i «søppelpost»-filteret i postboksen din.
- Kontroller om du har skrive inn korrekt e-postadresse, og rett opp eventuelle skrivefeil.
Eg kjem ikkje inn på Min profil. Kva gjer eg?
Sjekk at du har skrive telefonnummer og e-post korrekt.
Viss du framleis ikkje klarer å logge inn, kontakt \ teknisk support på
Eg har gløymt passordet til Min Profil. Kva gjer eg no?
Slik gjer du:
- Gå til https://profil.avinor.no
- Skriv inn e-postadressa som er registrert på brukaren din i "Min profil" for å motta eit eingongspassord.
- Skriv inn eingongspassordet for å halde fram.
- Skriv inn det nye passordet ditt.
Kva fordelar har det å bruke “Min profil” ved førehandsbestilling av parkering?
- Enklare oversikt over reisa di.
- Du kan motta relevante reisetips.
- Laupande motta status på flyreisa di.
- Motta relevante tips om fasilitetar på flyplassen du reiser frå.
- Sjå kvitteringar over tidlegare kjøp av parkering.
- Enkelt administrere parkeringa di.
For å motta tips må du samtykkje til dette først.
For å kunne bruke “Min profil” hos Avinor må du gi samtykkje til at Avinor kan oppbevare dei personopplysningane som er lagra i profilen. E-postadressa di blir sletta etter 24 timar dersom du ikkje gir samtykkje.
Eg vil bruke tenesta «følg reisa». Kvifor må eg gje samtykke?
For å kunne gi deg relevante reisetips og halde deg oppdatert om status på reisa di, treng vi ditt samtykke.
Du kan følgje reisa di i Avinor-appen utan å opprette ein profil. Viss du ønskjer ein profil i Avinor må du svare «Ja» på samtykket om personvern.
Eingongskoden for å logge inn på "Min Profil" fungerer ikkje.
Koden du mottar på SMS er gyldig i 10 minutt. Det kan hende at du må prøve å logge inn på nytt for å få tilsendt ein ny, gyldig kode.
Viss du ikkje har forsøkt å logge inn kan det vere at nokon har tasta feil mobilnummer under innlogging. Dei vil ikkje kome inn utan å bruke koden du har fått på SMS.
Korleis lagar eg nytt passord?
Slik gjer du:
- Logg inn på "Min profil"
- Klikk på "Byt passord" under Kontoinformasjon
eller
- Gå til https://profil.avinor.no, fyll inn din e-post-adresse og klikk på "Gløymt passord"-lenkja.
Korleis slettar eg brukaren?
Slik gjer du:
- Logg inn på «min profil».
- Vel «Profil».
- Vel så «slett min profil».
Din profil med tilhøyrande data vil no bli sletta frå Avinor sine system.